Hopp til innhold

Gevir smelta fram etter over 4.000 år under isen

Reinsdyrgevir fekk ikkje mange veker i dagslys før Torstein Opskar snubla over det i fjor. Dateringa forbløffar. – Eit verkeleg flott funn, seier forskar.

Fann 4.167 år gamalt gevir på Ceciliekruna i Oldedalen

GODT BEVART: Professor Atle Nesje seier over 4.000 år under isen har bevart geviret godt. Han trur geviret smelta fram i fjor sommar – kort tid før det vart funne.

Foto: Privat

Torstein Opskar (t.h.) og Nils Petter Starheimsæter på turen til Ceciliekruna, der dei fann eit 4.167 år gamalt gevir.

PÅ TUR: Torstein Opskar (t.h.) og Nils Petter Starheimsæter tok ei litt uvanleg rute mot Ceciliekruna. – Det var ein tung tur, nesten 1.700 meter rett opp frå dalen, fortel Opskar.

Foto: Privat

– 4.167 år gamalt. Eg fekk litt hakeslepp, vedgår Torstein Opskar frå Skodje om reinsdyrgevir han og kameraten Nils Petter Starheimsæter fann under ein etterlengta tur til fjelltoppen Ceciliekruna i Oldedalen i Stryn kommune.

Heilt inntil brekanten, kring 1.700 meter over havet, låg eit godt bevart gevir.

– Eg tenkte det kunne vere eitt par hundre år gamalt, og slengde det bakpå sekken, seier 35-åringen.

Forskarar fatta interesse

Særskilt meir tenkte ikkje sunnmøringen over det kring 35 centimeter store geviret, før han las om funn av eldgamle gevir i sunnmørsfjella . Opskar var ikkje klar over at det kunne vere rein i området, og kontakta professor Atle Nesje ved Universitetet i Bergen (UiB).

Fann 4.167 år gamalt gevir på Ceciliekruna i Oldedalen

FUNNSTADEN: Forskar Atle Nesje fortel at det ligg mykje gamal is i søkket mellom nordlege og sørlege toppen på Ceciliekruna. Ingen lav og mose vitnar om at området har smelta fram siste åra.

Foto: Privat

Datering i Polen anslo at geviret mest truleg er frå 2.146 år før Kristus.

Til avisa Fjordingen, som omtala saka først, seier Nesje at mykje tyder på at geviret er naturleg felt og at det har vore kontinuerleg dekka av is. Undersøkingar viser at breane var i kraftig vekst for vel 4.000 år sidan.

– Dersom geviret i periodar hadde vore smelta fram frå isen, ville det mest truleg ha vore meir knudrete og ikkje så godt oppbevart, seier han til avisa.

OLDEDALEN: Ceciliekruna ligg på 1.717 meter over havet i Olden i Stryn.

– Eit verkeleg flott funn

Atle Nesje med eit reinsdyrgevir funne på Gutdalsfjellet (1.320 moh), nord for Hjelledalen i Oppstryn. Geviret er datert til år 1435 etter Kristus.

PROFESSOR: Atle Nesje med eit reinsdyrgevir som i fjor sommar vart funne på Gutdalsfjellet nord for Hjelledalen i Oppstryn. Geviret er datert til år 1435 etter Kristus.

Foto: Haflidi Haflidason

Professor Anne Karin Hufthammer ved UiB skildrar funnet som «verkeleg flott». Ho seier geviret kan gi informasjon om isforholda og utviklinga til breane.

– Endå meir spennande, det er eit skikkeleg godt materiale til å gjere genetikk, seier ho.

Forskarane vil gjerne vite meir om opphavet til den norske villreinstammen.

Dei veit at reinen har både vest- og austleg opphav. På slutten av istida var det rein på vestkysten. Og russisk rein har spreidd seg sørover frå Aust-Finnmark.

Fann gamal søppeldynge frå romartida i Lærdal

GULL: Anne Karin Hufthammer, her i arbeid med ei gamal søppeldynge frå romartida som vart funnen i Lærdal, er over seg av begeistring for funnet på Ceciliekruna.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Siste åra har UiB fått kring 50 gevir som har smelta ut frå breane. DNA-prøver opnar for moglegheiter.

– Som å finne ut korleis spreiingsmekanismane var, og kva som er opphavet til bestanden vi til dømes har i Jotunheimen, seier Hufthammer.

Arkeologiske funn gir dårleg svar på det. Dei gevira er ofte knuste, brende og flytta av menneske. Men ikkje geviret som i over 4.000 år har ligge under isen i Oldedalen.

– Dette materialet har ikkje vore borti menneskehand. Difor er det eit veldig, veldig spennande materiale, som vanlegvis er godt eigna for genetikk, seier Hufthammer.

Dukkar opp meir

UiB tek vare på og sikrar gevira for ettertida. For teknologien i framtida kan gi fleire svar enn i dag.

– Utviklinga er rivande. Det er først dei siste 20-30-åra at ein har fått genetikken og isotopar. Slike moglegheiter kunne ein ikkje drøyme om då eg var student, seier Hufthammer.

Siste åra er det funne spadar, kjortlar, skaft og pilspissar frå isen. Det blir stadig fleire slike funn.

– Ikkje berre fordi breane smeltar, men fleire er også klare over at dei smeltar og så er vi flinkare til å bruke naturen. Det er fleire no enn før som leitar.

– Veldig stor forskingsverdi

Fann 4.167 år gamalt gevir på Ceciliekruna i Oldedalen

SVAR: Geviret kan fortelje mykje om både klima og miljø på tida reinen levde, men kan også gi seie noko om opphavet til reinbestanden i området.

Foto: Privat

På Skodje er Opskar usikker på om han får tilbake geviret han fann i Stryn.

– Eg har ikkje store forhåpningar, men det er spennande at det blir forska på, seier han.

Hufthammer meiner geviret har meir nytte for samfunnet.

– Det har ein estetisk verdi, og ein verdi med at ein har funne noko gamalt. Det har ingen økonomisk verdi, men veldig, veldig stor forskingsverdi.