Hopp til innhold

30-åring tiltalt for butikksvindel for fleire hundre tusen kroner

Ein 30 år gamal mann er tiltalt for å ha svindla fleire kortselskap for 450 000 kroner. Ifølgje tiltalen var han del av ei organisert kriminell gruppe.

Kjøpesenter på Moa i Ålesund

Ein mann er tiltalt for ei rekkje bedrageri etter at han skal ha lurt til seg varer for fleire hundre tusen kroner frå kjøpesenter fleire stader i landet. Politiet blei tipsa om mannen og tre kompanjongar etter at dei skal ha oppført seg mistenkeleg på Moa i Ålesund i desember 2015.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I tiltalen kjem det fram at mannen skal ha svindla fleire kortselskap ved å bruke falske betalingskort. Med dei falske korta skal han ha fått ut kontantar og eksklusive varer for fleire hundre tusen kroner i butikkar i Sandnes, Bergen, Stavanger og Ålesund.

Mannen blei pågripen saman med to andre menn og ei kvinne i Ålesund i desember 2015. Då fatta vektarane mistanke til dei fire, som skal ha gått frå butikk til butikk, plukka dyre varer og forsøkt å betale med ulike kort.

Skal ha lurt til seg nesten ein halv million

Ifølgje tiltalen var mannen med på eit omfattande raid. Han skal til dømes fått ut varer for over 13 000 kroner på eit parfymeri og gullvarer frå ein gullsmed i Ålesund på over 32 000 kroner. I dagane før skal han ha vore i Bergen, og ifølgje tiltalen klart å få ut varer hos varehuset Høyer i Bergen på over 45 000 kroner på same dag.

I ein databutikk i Bergen skal ha fått med seg varer for nesten 40 000 kroner ein dag, og så kome igjen dagen etter for å ta med varer for endå meir.

Til saman må han svare for 25 forhold.

Les også:

Må også svare for mislykka forsøk

Mannen er også tiltalt for ei rekkje mislukka forsøk på svindel.Fem gongar skal han ha forsøkt seg i Ålesund i desember 2015 utan å lukkast, mellom anna hos ein gullsmed, der han ville ha med gullvarer for 20 000 kroner.

Ifølgje tiltalen er bedrageriet grovt fordi det skal ha gått føre seg over lang tid, involvert store pengebeløp og mange personar og firma.

No må mannen møte i retten i slutten av oktober.