Vitne oppdaga at mannen køyrde over ein midtrabatt og delvis utanfor vegen og melde frå til politiet.
Mannen hugsar ikkje at han sette seg bak rattet, men meinte sjølv at det var han som måtte ha køyrt bilen.
I Tingretten blei mannen dømt til fengsel på vilkår i 30 dagar og til å betale ei bot på 20.000 kroner.
I tillegg blei han frådømt retten til å føre motorkøyrety i tre år og må deretter gå opp til ny, full førarprøve.