Hopp til innhold

2022 kan bli tidenes cruisesesong: – Det ser heilt fantastisk ut

Reiseaktiviteten har tatt seg opp att etter pandemistoppen. No er det venta fire millionar cruiseturistar til Noreg i 2022.

Anthem of the Seas under Askøybroen 20.05.2022

ASKØYBRUA: «Anthem of the Seas» er eit av 290 cruiseskip som har lagt turen til Bergen i år, og det største som nokosinne har besøkt byen.

Foto: Tom Gulbrandsen

I Bergen kunne ein oppleve eit spektakulært syn då «Anthem of the Seas» dukka opp fredag. Verdas 19. største cruiseskip er nesten 350 meter langt og har over 2000 lugarar.

– Me er vande med at skipa er store her i Bergen. Men dette er det største som har vore her, seier Nils Møllerup, marknadssjef i Bergen Havn.

Ventar rekordsesong

Sesongen for cruise-turisme er ordentleg i gang igjen etter at koronapandemien sette ein stopp for næringa i 2020.

På grunn av krigen i Ukraina har reiarlaga kansellert cruise i Austersjøen og sender skipa til Skandinavia og Noreg i staden.

Tal frå Cruise Norway viser at det vil kome fleire cruiseskip til Noreg enn nokon gong. Det er også meldt inn meir enn 500 fleire anløp enn i 2019.

– Sesongen ser heilt fantastisk ut. Vi får ein jamn flyt av skip inn, så dette gler vi oss veldig til, seier Monica Berstad Mæland i Ålesund cruisenettverk.

Totalt reknar dei med besøk av rundt fire millionar passasjerar, 250.000 fleire enn i 2019.

Monica Berstad Mæland, leiar Ålesund Cruisenettverk

Monica Berstad Mæland i Ålesund cruisenettverk er veldig nøgd med utsikta til sesongen, og særleg med at dei har fått skip i alle dei tolv månadene.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Flest anløp vil Bergen, Ålesund og Stavanger få. Men presset er stort på dei mest populære stadene allereie, og auken blir ifølgje Kystverket spreidd utover fleire hamner. Også til dei som ikkje er typiske cruisehamner frå før av.

– Vi skal sjå landet, naturen og folket, seier Melanie Zinbauer frå Tyskland.

Tyskarar i Ålesund. Cruiseturistar.

Melanie Zinbauer og Monika Stiegler synest cruise er ein meir behageleg måte å reise på enn fly og bil.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ho er i gang med å utforske Ålesund, og vil opp på Fjellstua for å sjå den spektakulære utsikta jugendbyen.

– Det er veldig bra å kjenne seg fri og kome seg ut. Det er fint å ikkje måtte ha på seg maske heile tida, seier Petra Pott.

Fekk blinkskot av cruisekjempe

Tom Gulbrandsen var på veg til jobb då han stoppa for å sjå cruiseskipet «Anthem of the Seas» segle under Askøybrua på veg inn til Bergen.

Han har alltid vore interessert i det maritime, og stod klar med kameraet.

– Eg visste at dette skipet var lågt nok til å gå under, men det har vore nokre skip der det berre har vore eit par meter klaring. Men no såg eg at det kom til å gå bra.

Anthem of the Seas på vei inn til Bergen, 20.05.2022

«Anthem of the Seas» blei bygd i 2015, og har kapasitet til nesten 5000 gjester, med eit crew på rundt 1500.

Foto: Tom Gulbrandsen

Det finst fleire større skip i Noreg, men at ikkje alle kan kome inn til Bergen.

– Askøybrua er ein naturleg avgrensar på storleiken til skipa som kjem inn. Brua er 63.5 meter høg, så skipa kan naturlegvis ikkje vera høgare enn det, seier Nils Møllerup i Bergen Havn.

Det enorme skipet har vore brukt som mal for hamna når dei skulle setja opp pullertar og fenderar på kaia.

I løpet av sesongen er det anslått at rundt 290 cruiseskip skal legge til i Bergen i år, flest av alle hamner.

– Så det var veldig hyggeleg når dei no kom på besøk og alt gjekk så fint. Me er klar for cruisesesongen no.