Hopp til innhold

Klokka 18.00: Følg 2. runde i cupen her

Onsdag kveld blir 2. runde i NM-cupen i fotball for menn spelt. Følg Aalesund, Molde, Kristiansund, Hødd og Brattvåg her.

Følg kampene i andre runde. Eliteserie-lagene skal nok en gang spille borte og kan regne med tøff motstand.

Følg kampane i andre runde. Eliteserielaga skal nok ein gang spele borte og kan regne med tøff motstand.

Fem lag frå Møre og Romsdal er med i den 2. cuprunden. Du kan fylgje kampane både på radio, TV og i tekstformat her.

 Moldes Ola Brynhildsen (t.h.) jubler etter scoring av 5-0 målet under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Sandefjord på Aker Stadion

Molde slo Surnadal 0–4 i første runde av NM. I dag møter dei Melhus.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Molde spelar borte mot 4. divisjonslaget Melhus i Trøndelag. Molde blei cupmeistrar sist i 2021-sesongen, og har vunne turneringa fem gongar.

Melhus-Molde: https://resultater.nrk.no/fotball/1/2023-06-01/2291984

Eliteserien i fotball 2023: Aalesund - Molde (3-1)

Aalesund møter Byåsen i Trondheim

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Aalesund møter 3. divisjonslaget Byåsen i Trondheim. Etter ein tung vår i Eliteserien er nok sunnmøringane svoltne på cupsuksess. AaFK vant turneringa i 2009 og 2011.

Byåsen-Aalesund: https://resultater.nrk.no/fotball/1/2023-06-01/2291991

Kristiansund BK sitt publikum på Kristiansund stadion.

Kristiansund møter Levanger.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Kristiansund ligg i toppen av 1. divisjon med 18 poeng etter 10 kampar. I dag er nordmøringane på besøk hos 2. divisjonslaget Levanger.

Levanger-Kristiansund: https://resultater.nrk.no/fotball/1/2023-06-01/2291990

Hødd-Brattvåg på veg ut på grasmatta på Brattvåg stadion i 2. runde av NM-cupen

Hødd og Brattvåg møtast til duell.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I Brattvåg blir det einaste oppgjeret med to lag frå Møre og Romsdal spelt.

2. divisjonslaget Brattvåg er vertskap for Hødd, som har fått ein fin start i 1. divisjon etter opprykket i fjor. Hødd vann cupen i 2012.

Brattvåg-Hødd: https://resultater.nrk.no/fotball/1/2023-06-01/2291983

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL