Hopp til innhold

18-åring gjorde underslag for å skaffe pengar til husleige og mat

Då han mangla det aller mest nødvendige, klarte han ikkje å dy seg, og stal frå jobben. No er det tid for oppgjer.

Norges lover

I retten la tenåringsguten fram ei detaljert liste over kva han hadde stole med seg frå matbutikken der han arbeidde.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Tenåringsguten vedgjekk alt då han nyleg møtte i Romsdal tingrett. Der forklarte han at han kvar månad stal med seg 7 000 kroner frå matbutikken der han arbeidde, som han mellom anna brukte til å betale husleige på hybelen sin.

Han tok også med seg 1 000 kroner, som ifølgje forklaringa blei brukt til mat og tipping. I tillegg tok han med seg ulike varer frå butikken.

Detaljert liste over tjuveria

Skuleeleven fekk først sommarjobb, deretter laurdagsjobb, samtidig som han begynte på skule. Etter kort tid begynte han å ta med seg pengar frå kassa, og til saman skulda han nesten 60 000 kroner etter eit halvt år.

I retten la han fram ei detaljert liste over det han hadde stole med seg av varer.

- Skjønar ikkje kva som skjedde

18-åringen forklarte i retten at han skjønte at det han gjorde var straffbart, men at han i dag ikkje kan forstå kva som fekk han til å gjere det.

Han vedgjekk tjuveria umiddelbart etter at han blei mistenkt, og dette fekk han strafferabatt for i retten.

No er han dømd til 35 timar samfunnsstraff. I tillegg må han betale tilbake pengane han tok frå butikken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL