Hopp til innhold

16-åring dømd for forsøk på knivran

Ein 16 år gamal nordmørsgut er dømd for å ha trua ei kvinne med kniv for å få veska hennar.

NORDMØRE TINGRETT

Ein 16-åring slepp fengselsstraff, men får hjelp, etter å ha forsøkt å rana to kvinner på open gate i Trondheim.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Det var i april i år at 16-åringen gjekk til åtak på ei kvinne på open gate i Trondheim, for å få tak i veska hennar. Medan guten prøvde å slite tak i veska, heldt ein annan opp ein kniv, for å true til seg pengane hennar.

Ifølgje dommen hadde ikkje kvinna med seg pengar, og dei måtte difor gje opp ransforsøket.

Berre eit kvarter seinare gjekk dei to på nytt til åtak på ei kvinne, denne gongen i Sykehusparken i Trondheim. Heller ikkje her hadde dei hellet med seg, for kvinna nekta å gje frå seg veska si.

Vedgjekk åtaka

16-åringen vedgjekk i Nordmøre tingrett at han hadde gått til åtak på dei to kvinnene. Medhjelparen er allereie dømd i saka, også han vedgjekk forsøk på ran.

Guten har også vedgått å ha brukt hasj nokre dagar før ransforsøka.

Har flytta heim igjen

Guten hamna i fosterheim allereie då han var ti år gamal, og at han har flytta mange gongar, men no bur heime hos ein av foreldra.

Han har også fått plass på eit alternativt skuleopplegg, og har ikkje hatt fråvær etter at han kom dit. Han har heller ikkje rusa seg den siste tida, og har kutta kontakten med det kriminelle miljøet han vanka i.

Får alternativ straff

Ifølgje dommen har påtalemakta bedt om at guten får ungdomsstraff. Retten viser til at ran normalt skal resultere i fengselsstraff, men ønskjer i staden å gje guten oppfølging framover «slik at han kan etablere seg i et positivt og rusfritt miljø og halde seg unna nye straffbare handlingar».

Kriminalomsorga i fylket har vurdert det slik at guten bør få tett oppfølging framover. Det kan også bli aktuelt med ruskontroll og oppfølging av skulegangen og motiverande samtalar, heiter det i dommen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL