Hopp til innhold

Advent: Sjå løysinga på oppgåva i luke 13

I programserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» møter vi mange slags skapningar i tillegg til folka som bur på gardane. I dag handlar det om fuglar.

Oppe på nyreisingsbruket sitt har geitebonden Rune Ingebretsen ein flokk duer i driftsbygningen. Kva bruker han dei til?

I dag hentar vi konkurransen frå programmet om Rune Ingebretsen. Han driv garden Tytingen på Øvre Besteland i Setesdalen. Det er eit nyreisingsbruk, og der driv han med geiter og skotsk høglandsfe.

Men i driftsbygningen har han også ein flokk duer. Og det er desse duene vi er interesserte i i dag.

Kva brukar Rune Ingebretsen duene til?

Advent: Oppgåva i luke 13

Vi har trekt ut ein vinnar. Vinnaren er:

Linda Hanssen frå Rælingen

I denne videoen kan du sjå kva som er rett svar på oppgåve nr. 13:

Her får du løysinga på oppgåva 13. desember

Rune Ingebretsen bruker duene i arbeidet med å dressere jakthundar, eller fuglehundar for å vere heilt presis.

Løysing på oppgåva i luke 13

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL