Hopp til innhold

Advent: Sjå løysinga på oppgåva i luke 22

Olaug Pettersen bur åleine i eit elles fråflytt fiskevær lengst nord i Bjarkøy kommune i Troms. Oddgeir Bruaset og medarbeidarane hans vitja henne i 2004.

22. desember.

Og det er dette programmet som er utgangspunktet for dagens konkurranse. I løpet av fire år miste ho tre av sine næraste. Mannen døydde av helseplager, medan to søner omkom i kvar si ulykke på havet.

Medan alle andre har flytta frå fiskeveret har Olaug ein viktig grunn til å bli verande.

Kva var viktigaste grunnen til at Olaug Pettersen vart verande, medan alle andre flytte?

Advent: Oppgåva 22. desember

Vi har trekt ut ein vinnar og det er: Odd Henrik Johnsen frå Elverum. Gratulerer.

I denne videoen kan du sjå kva som er rett svar på oppgåve 22:

22. desember

Olaug har tre graver å gå til og for å vere nær dei, valde ho å bli buande