Hopp til innhold

12024 Trondstu på oksetoppen

To oksar frå Møre og Romsdal er valt ut som toppoksar fram til desember. Det er samvirkeføretaket Geno SA, eigd av 8700 norske storfebønder, som står bak valet. Totalt har 23 oksar i landet fått denne heideren, og av desse er 11991 Opsvik frå Stranda og 12024 Trondstu frå Nye Øksendal Samdrift i Sunndal. Toppoksane blir fedre til kyr som mjølkar mykje og som lett blir drektige.

12024 Trondstu fra Øksendal
Foto: Jan Arve Kristiansen