Hopp til innhold

Den forfalne Nerlandsøybrua får 120 millionar

Etter møte i Samferdselsutvalet er det klart at Nerlandsøybrua i Herøy får pengar til oppgradering. Og det er ikkje reint lite heller.

Nerlandsøybrua i vintersol

Nerlandsøybrua ser svært vakker ut i sola. Men ho er ikkje like solid som den kan sjå ut som på avstand.

Foto: Sverre J Kvalsund

Bjarne Kvalsvik

Bjarne Kvalsvik er svært letta for at Nerlandsøybrua får pengar til oppgradering.

Foto: NRK

I innstillinga frå utvalet er det sett av 20 millionar kroner i 2017 og 100 millionar kroner i 2018.

Bjarne Kvalsvik, uavhengig representant i samferdselsutvalet, er glad for at pengane kom på plass.

– Eg er utruleg glad for at Samferdselsutvalet var samrøystes om å gi til saman 120 millionar til opprusting av brua.

Kritisk stilt

For to år sidan fekk dei vite at brua berre hadde to år igjen før den stod for fall. Brua har lenge vore kritisk stilt, og er avhengig av ei oppgradering for at det skal vere trygt for tyngre køyretøy.

– Eg var rimeleg sjokkert då eg såg at fylkesrådmannen ikkje hadde rekna med pengar til Nerlandsøybrua. Men den nye beskjeden er gledeleg for folket på Nerlandsøya.

Kvalsvik var redd for at planlegginga av bruoppgraderinga skulle stoppe opp. Men no har han fått tilbake håpet, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL