Fleire store og små bruer er i urovekkjande dårleg stand

Nokre bruer må rivast og nye må byggjast, medan alle bruer krev omfattande vedlikehald. Jørn Arve Hasselø har ein alvorleg bodskap til oss om kor gale det står til med bruene våre.

Vogntog på bru

Mange bruer i fylket er nedslitne og treng omfattande vedlikehald. Bilar med ulovleg tung last er ein del av problemet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei dårlegast stilte bruene, som Remøybrua og Nerlandsbrua i Herøy kommune, har berre fem års levetid.

Det fortel sjefen i bru- og kaiseksjonen i Statens vegvesen Region Midt-Noreg, Jørn Arve Hasselø.

– Nokre bruer følgjer vi ekstra godt med på. Dette er dei slanke bruene som er bygd på 60-talet, spesielt i ytre strøk av Møre og Romsdal.

– Desse er bygd etter eit heilt anna regelverk enn i dag. Då var det lov å utnytte materialet mykje meir, noko som har gjort bruene veldig slanke med lite beskyttelse frå korrosjon, seier Hasselø.

Statens vegvesen har gjort ei omfattande kartlegging av forfall og etterslep, på både fylkesvegane, bruer, tunnelar og ferjekaier. Resultata er tidvis urovekkjande.

Jørn Arve Hasselø

Jørn Arve Hasselø og Statens vegvesen presenterte dei omfattande kartleggingane for Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

– Tydelege skadar av overlast

– Vi har gått nøye inn i materien på bruene og tatt ut prøver.

– Der ser vi at mange av bruene går mot slutten av levetida, på grunn av store korrosjonsskadar og tydelege skadar av overlast, seier bru- og kaisjefen.

Fleire bruer i Herøy er råka, men også nyare bruer er dårlegare stilt enn trudd.

– Vi må setje inn tiltak på bruer bygd på 80-talet allereie no. Det er ikkje fare for bereevna på kort sikt, men vi må gjere noko for å ta vare på dei.

Samferdsleutvalet ser alvoret, og 2,8 trengte milliardar

Statens vegvesen la fram kartleggingane for samferdsleutvalet i dag onsdag. Leiar Oddbjørn Vatne (Sp) forstår at noko må gjerast.

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne (Sp), leiar i samferdsleutvalet, meiner skeivfordelinga må rettast på.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Nokre bruer er verre stilte enn trudd. Samstundes ser vi at der er moglegheit for å gjere noko slik at levetida blir forlenga.

Leiaren i samferdsleutvalet ser alvoret i at berre bruene kanskje krev 2,8 milliardar kroner for å utbetrast. No må signala inn mot Nasjonal Transportplan (NTP) vere tydelege.

– Ja, det fortel kort og greitt at her ei skeivfordeling mellom Vestlandsfylka og elles som må rettast på.

– Her er store vedlikehaldsutfordringar på bruer, tunnelar og kaier. Det er spesielt for nokre fylke, og må opprettast seinast frå 2014, meiner Vatne.

Saka held fram under bildet.

Nerlandsøybrua i vintersol

Nerlandsøybrua ser svært vakker ut i vintersola, som ein kan sjå på dette sjåarbildet. Like solid er ho ikkje lenger.

Foto: Sverre J Kvalsund

Tiltak ikkje avgjort

Hasselø i Vegvesenet fortel at bruene blir kontinuerleg inspisert. Så folk må ikkje uroe seg, meiner han.

– Sprekker skal vi ha kontroll på. Nokre er heilt ufarlege, medan andre kan vere kritiske.

– Målet vårt er at alle bruer skal vere trygge innanfor lastklassane. Så om ein ikkje køyrer med for tunge køyretøy skal alt vere trygt. Dette gjeld også for ferjekaiene, fortel Hasselø.

Han er klar på at Nerlandsøybrua og Remøybrua er dei to mest kritisk stilte, bruer som det også vil gå med mange kroner på.

– Men her er også fleire mindre bruer som kan vere kritisk for trafikken, utan at det går med like mange kroner.

– Men finst det pengar til tiltak i dag?

– Vi har ikkje starta planlegginga. Vi veit ikkje kva tekniske konsesjonar som skal veljast. Det vi veit er at sikkerheita på vegnettet takast i vare, avsluttar bru- og kaisjefen i Statens vegvesen.