Hopp til innhold

Vurderer å legge ned utdanning

Leiinga ved NTNU foreslår å legge ned helsesjukepleiarutdanninga i Ålesund og samle studentane i Trondheim.

Gunhild Thunem, hovedtillitsvalgt i Norsk Sykepleierforbund campus Ålesund, seier ei nedlegging vil gjere det endå vanskelegare for kommunane å rekruttere helsesjukepleiarar.

Dekan ved Fakultet for medisin og helsevitskap, Siri Forsmo, stadfestar at ho har innstilt nedlegging av helsesjukepleiarutdanninga, men er klar på at ingenting er avgjort.

– Eg har stor forståing for motviljen frå dei tilsette i Ålesund. Men det er to helsesjukepleiarutdanningar i Møre og Romsdal, så ein burde tru at ein er godt dekka her.

Forsmo fortel at NTNU vil spare to årsverk på flyttinga av studiet. Til saman skal universitetet kutte ned rundt 70 årsverk.

– Om me fortsett som no går me i 100 millionar kroner i minus, seier dekanen.

Rekordsøking til NTNU