Hopp til innhold

Stenger stolheisa på Strandafjellet

Strandafjellet skisenter stenger stolheisa i dag, på grunn av kulda. Ifølgje skisenteret er det no minus 20 grader i botnen på trekket, og minus 16 grader på toppen.

Resten av trekka er opne, men marknadssjef for skisenteret, Mari Riksheim, seier det ikkje er trygt å bruke stolheisa no når det er så kaldt.

– Det skal vere trygt for gjestane våre å site oppi. Viss vi må stoppe for midlertidige stopp eller evakuering, så blir det alt for kaldt å site der. Berre nokre minutt blir for lenge.

Dei vurderer time for time, men Riksheim seier det ser ut til at dei kan måtte halde stolheisa stengt også i morgon.

Frå Strandafjellet skisenter
Foto: Bibbi Kjølås / NRK