Hopp til innhold
Strandafjellet skisenter
Foto: Sjur Ringstad

Ski og snø i Møre og Romsdal

  • Stenger stolheisa på Strandafjellet

    Strandafjellet skisenter stenger stolheisa i dag, på grunn av kulda. Ifølgje skisenteret er det no minus 20 grader i botnen på trekket, og minus 16 grader på toppen.

    Resten av trekka er opne, men marknadssjef for skisenteret, Mari Riksheim, seier det ikkje er trygt å bruke stolheisa no når det er så kaldt.

    – Det skal vere trygt for gjestane våre å site oppi. Viss vi må stoppe for midlertidige stopp eller evakuering, så blir det alt for kaldt å site der. Berre nokre minutt blir for lenge.

    Dei vurderer time for time, men Riksheim seier det ser ut til at dei kan måtte halde stolheisa stengt også i morgon.

    Frå Strandafjellet skisenter
    Foto: Bibbi Kjølås / NRK
  • Klare for sesongopning

    Både Hornindal skisenter og Strandafjellet skisenter sesongopnar i morgon.

    Det er fleire år sidan Strandafjellet skisenter har opna så tidleg som i november.

    Skisenteret har produsert mykje kunststnø og i tillegg kom det påfyll av ekte snø, så alt er klart for opningshelg, seier marknadssjef Mari Riksheim.

    Strandafjellet Skisenter klargjør anlegget for vinteren 2020.
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Gode forhold i fleire skianlegg

    Fleire skianlegg har ope i romjula, medan nokre ventar på meir snø og må halde stengt til nyåret. I Rauma, Ørsta og Volda er det for lite snø til å opne no, men det er fine forhold i langrennsløypene. Til dømes Strandafjellet Skisenter og Surnadal Alpinsenter (bilde) melder om stor pågang og gode skiforhold.

    Surnadal Alpinsenter
    Foto: Turid Sættem Eggen
  • Utbygging til 18,7 millioner

    Skaret skisenteret i Molde har vedtatt og planlegger en utbygging til 18.750.000 kroner i 2020. Skisenteret jobber med å få på plass finansieringen. De har søkt om penger fra Romsdal Regionråd og ønsker økonomisk støtte fra næringslivet, i tillegg til egenkapital. Senteret er skisportens regionale anlegg for rulleski, langrenn og skiskyting i Møre og Romsdal. Etter de planlagte investeringene vil anlegget kunne arrangere store nasjonale og internasjonale konkurranser for rulleski og rulleskiskyting, skriver styret i en pressemelding. Det er også planlagt utvidelse av rulleskiløypa og lysløypa og det blir ny bro i betong som erstatning for dagens trebru. – Det er den største utbygginga i Skaret skisenteret sin historie, sier styreleder Ragnar Valle.

    Skaret Skisenter
    Foto: Roar Strøm / NRK