Hopp til innhold

Sula-ordførar tek gondol-utspel til orientering

Ordførar i Sula kommune, Turid Humlen frå Høgre, seier både kommunen og partiet vil jobbe vidare med gondolsaka etter statsforvaltaren sitt høyringssvar som vart offentleggjort onsdag.

– Vi vil bruke tida framover til å setje oss godt inn i saka, so er vi klare til å ta ei avgjerd når saka kjem opp for kommunestyret, seier Humlen.

Høgre har vore generelt positive til dei omstridde gondolplanane på fjellet, men har ikkje låst nokon av kommunestyrerepresentantane til å stemme den eine eller andre vegen gjennom partiprogrammet sitt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i sitt høyringssvar til saka, fråråda at ein gondol opp på Sulafjellet vert bygga.

Turid Humlen er høyres ordførerkandidat i Sula kommune i 2023.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL