Hopp til innhold

Første landslagsmål for Aursnes

Fredrik Aursnes frå Hareid scora det fjerde målet til Noreg mot Kypros, som også var hans første mål i norsk drakt. Målet kom 81 minutt ut i kampen.

Kampen er ein del av EM-kvalifiseringa i fotball. Dersom Noreg skal kvalifisere seg til EM via gruppespelet må dei slå Spania og Skottland i dei to siste gruppekampane. Og allereie søndag møter Noreg Spania til ein ny kvalifiseringskamp.

Aursnes speler til vanleg for den portugisiske klubben SL Benfica.

Fredrik Aursnes scora mot Kypros.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL