Hopp til innhold

Formelt slutt for eldreombodet

Frå og med i dag er det formelt slutt for Norges første eldreombod.

Regjeringa vedtok i fjor at ombodet, med base i Ålesund, skulle leggast ned frå 1. juli 2023.

Bente Lund Jacobsen frå Ålesund har hatt jobben som eldreombod dei omlag tre åra ombodet har eksistert.

Til NRK seier Jacobsen at ombodet før nedlegginga overleverte eit slags testamente til politikarane. Der ber dei om at det framleis blir fokus på blant anna korleis samfunnet kan unngå digitalt utanforskap og aldersdiskriminering og at det framover blir viktig å sikre nok pengar til eldreomsorga.

Bente Lund Jacobsen
Foto: Svein Arne Orvik / Eldreombudet