Hopp til innhold

Få veker igjen med våpenamnesti

Politiet i Møre og Romsdal minner om at det er kort tid igjen av våpenamnestiet. Dette har gjeldt sidan 1. januar og varer ut mai.

– Det er framleis moglegheit til å levere inn ulovlege, uregistrerte våpen til politiet utan å få straff, seier Sissel Straume Brevik, seksjonsleiar for forvaltning i Møre og Romsdal politidistrikt.

Så langt har politiet på landsbasis fått inn 8332 våpen.

– Vi er glade for alle våpen som vert levert inn. I Møre og Romsdal politidistrikt har vi frå januar til og med april fått inn 571 våpen. I tillegg er det mottatt 21 ikkje-registreringspliktige våpen som til dømes knivar, og 556,81 kg ammunisjon. Vi vil oppmode innbyggjarane våre om å framleis nytte seg av våpenamnestiet som varer ut mai månad, skriv Straume Brevik i ei pressemelding.

Dei minner også om at ikkje alle tenestestadar kan ta imot våpen, og ber folk sjekke kvar dei kan levere våpen på politiet.no. Politiet ber også folk om å hugse på tryggleiken når dei skal levere våpen.