Hopp til innhold

Bad om over to års fengsel for grovt tjuveri

Politiadvokat Anders Skorpen Trøen bad om to år og sju månader fengsel for den tiltalte i 40-åra, og to år og tre månader fengsel for den tiltalte i 30-åra, etter eit innbrot i ei urmakarforretning i Molde i fjor haust.

Det kom fram i retten i dag. Ifølge tiltalen skal dei to ha stole 133 klokker som hadde ein utsalsverdi på rundt 3,3 millionar kroner.

Mennene er også tiltalt for bilbrukstjuveri, grovt tjuveri, grovt skadeverk og for å ha brote seg inn hos urmakaren og i ei hytte i Rauma.

– Vi ber om lengre straff for mannen i 40-åra fordi han også braut seg inn i ei hytte. Påtalemakta har også lagt vekt på at mannen i 30-åra opplyste kvar klokkene var gøymd, noko som gjorde at dei raskt blei funnen, seier Trøen.

Begge har fått strafferabatt for å ha erkjent straffskuld for det dei er tiltalt for.

– Eit sentralt spørsmål for retten blir om dei kvalifiserer for å vere mobile vinningskriminelle, altså personar utan tilknyting til Noreg som kjem hit for å gjere straffbare handlingar før dei igjen forlèt landet, seier Trøen.

Ingen av dei to mennene er tidlegare straffa i Noreg. Begge forsvararane til mennene ber om kortast mogleg straff.

Bjørn Philipson er forsvararen til den tiltalte mannen i 40-åra. Han meiner det er feil at hans klient skal få ei lenger straff. Begge forsvararane er også ueinig i at han skal ha vore ein kriminell vinningskriminell.

– Min klient opplyste kvar tjuvegodset var då han sprang frå staden og eg meiner det må leggast til grunn, sjølv om det då hadde blitt flytta, seier Philipson.

Dei to tiltalte har også forklart seg ulikt om bakgrunnen for innbrotet. Mannen i 30-åra har påstått at dei blei leigd inn av ein tredjeperson.

– Som eg sa i retten så meiner eg at det ikkje er bevis for at det har vore nokon bakmenn. Dette er to menn som har kome til Noreg for å jobbe, men så gjekk ikkje det vegen og førte etter kvart til innbrotet, meiner Philipson.