Hopp til innhold

Gult farevarsel for snø i fylket

Meteorologisk institutt melder om gult farevarsel for snø i Møre og Romsdal kvelden vesle julaftan og natt til julaftan. Det kan kome mellom 5 og 20 cm snø i løpet av døgnet, og ein vert råda til å køyre forsiktig.

Det er venta at vêret vil roe seg klokka 01:00 natt til julaftan.

Gult farevarsel for snø i Møre og Romsdal. Vi ser eit kart over Nord-Vestlandet. Heile regionen er mørk blå, noko som indikerer 5 til 20 cm snø på eitt døgn. Der er ein gul faretrekant med eit snøflak inni. Det står FREDAG på kartet.
Foto: Meteorologisk institutt