Hopp til innhold

Vil løyve pengar til Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken

Høgre vil løyve tilsaman 6,6 millionar kroner til Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken i Ålesund i sitt alternative statsbudsjett som blei lagt fram i dag.

Regjeringa har kutta tilskota til begge i sitt forslag til statsbudsjett. Fylkespolitikar og ordførarkandidat for Høgre i Ålesund, Monica Molvær, seier det er kritisk for dei to institusjonane å få plass desse pengane.

Molvær stiller seg uforståande til at regjeringa har kutta løyvingane. Høgre vil og gjenopprette Eksportstrategirådet i Ålesund.

Monica Molvær (H) i Ålesund kommunestyre og fylkestinget i Møre og Romsdal.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL