Hopp til innhold

– Følgjer ekstra godt med

Kystverket følgjer ekstra godt med på den russiske luksusyachten «Ragnar», i lys av situasjonen i Ukraina. Det seier kystdirektør Einar Vik Arset til NRK.
«Ragnar» har lege utanfor Valderøya sidan i dag tidleg, men Arset seier dei ikkje har planar om å foreta seg noko overfor båten. Arset seier dei ikkje kjenner til at yachten har bedt om å kome til land, men at dei i så fall ikkje kan nekte. Eigaren av yachten skal vere tidlegare KGB-agent og Putin-venn Vladimir Strzhalkovsky og båten var lenge fast i Narvik fordi norske leverandørar ikkje ville selje drivstoff.

Einar Vik Arset
Foto: Arne Flatin