Hopp til innhold

Utfordringar med ny reform

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) besøkte i dag det interkommunale barnevernet på Søre Sunnmøre. Ho tok opp den nye barnevernsreforma som vart sett i verk frå nyttår. Toppe er uroa over at enkelte kommunar meiner dei ikkje har nok pengar til å prioritere tidleg førebygging. Ho seier det er viktig å styrke kommunane sitt arbeid med tidleg innsats og gje tilpassa hjelp til barn som treng det.

Kjersti Toppe, barne og familieminister
Foto: Arne Flatin / NRK