Hopp til innhold

Nedbørsrekord under «Gyda»

For heile landet sett under eitt, fall det 45 prosent meir nedbør enn normalt i januar. Det melder Meteorologisk institutt. Møre og Romsdal sette også ny fylkesrekord når det gjeld nedbør i løpet av eit døgn. Dette skjedde under ekstremvêret «Gyda», då Tomrefjord fekk 153,1 millimeter nedbør på 24 timar.

Laster Twitter-innhold