Hopp til innhold

Vil etterforske tips om mogleg brot på isolasjon

Politiet bekreftar til NRK at dei har starta med etterforsking etter at dei fekk tips om at ein person med korona skal ha brote isolasjonen for å fare på nyttårsfest i Molde. – Vi har starta å gjere undersøkingar i saka, seier Roar Fylling i politiet. Førebels kan dei ikkje seie noko om kva som skal ha skjedd. Det var Romsdals Budstikke som skreiv om saka først.