Var politiet sitt køyretøy
Politiet opplyser at køyretøyet som var involvert i ei ulykke i Ulsteinvik tidlegare i dag var politiet sitt køyretøy. Årsaka til hendinga er så langt ukjent. Det skal ikkje vere mistanke om ruskøyring. Spesialeininga er rutinemessig varsla om hendinga. Ein person blei frakta til sjukehus etter ulykka.