Hopp til innhold

Vindkraftaksjonist fekk bot

Ein mann i 30-åra må betale 20.000 kroner i bot i samband med at han demonstrerte mot vindkraftanlegget på Haramsøya. Mannen skal ha vore berre 30 meter frå der det skulle bli sprengt med dynamitt. Han fekk pålegg om å fjerne seg, men blei til slutt boren bort av politiet. Mannen blei i tingretten dømt for éi ordensforstyrring og tre gongar å ha unnlate å etterkome pålegg frå politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL