Etterlyser minnemerke
Leiar for støttegruppa Nordvest, Lusie Gjersvoll, er kritisk til at regjeringa ikkje har klart å få på plass eit nasjonalt minnemerke ti år etter 22. juli-terroren. Gjersvoll er frå Sunndal og representerer overlevande og etterlatne frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Fire ble drepne, ein i regjeringskvartalet og tre på Utøya. 29 personar frå dei to fylka var på Utøya 22.juli 2011.