Hopp til innhold

Utsette kutt-avgjerd

Komiteen for helse og omsorg i Ålesund valde å utsetje saka om kvar ein skal kutte i helsesektoren, skriv smp.no. Kommunedirektøren har foreslått å kutte 83 institusjonsplassar eller ein heil institusjon for å følge opp innsparingsbehova i kommunen. – Vi fekk for lite informasjon på førehand, og vi treng ei full oversikt over konsekvensane av dei vedtaka vi fattar, sa Janet Roelof (Sp), ifølgje Sunnmørsposten. Utsetjinga, som ho foreslo, blei vedteke med 12 mot 7 røyster.

Janet Roelofs
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL