Hopp til innhold

Optimisme ved Tine i Ørsta

Tine Meierier i Ørsta har merka ein kraftig auke i salet av kremost og Edamer. Meieriet har fleire gongar vore nedleggingstrua, men i 2019 fekk dei behalde Edamerostproduksjonen, og no peiker pila oppover. Avdelingssjef Mona Mjånes Reitan er stolt over edamerosten som meieriet produserer. Meierisjef Hans Petter Almenning Eldevik seier salet av kremost har auka med 15-20 prosent i år, edamerost med 10 prosent. Eldevik er optimist, men seier meieriet må fortsette å levere for å kunne vere levedyktig i framtida.

Meierisjef ved Tine meierier i Ørsta, , Hans Petter Almenning Eldevik og avdelingssjef ved ysteriet, Mona Mjånes Reitan.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL