Hopp til innhold

Kulturlandskapsprisen til Austigard

Kristian Austigard og Stein Kåre Austigard får Kulturlandskapsprisen 2020, for å halde i hevd kulturlandskapet på Hoem i Eikesdalen på ein framifrå måte. – Kristian Austigard fekk overdradd garden då han berre var 9 år gamal og han har lagt ned mykje arbeid. I 2018 overlèt han Hoem til Stein Kåre som skjøttar kulturlandskapet– og verdiane her i same ånd som onkelen sin, seier fylkesmann og juryleiar Rigmor Brøste. Juryen grunngir tildelinga med at kulturlandskapet er halde i hevd gjennom slått, skogrydding og beiting. Juryen trekk særleg fram dei store oppleving- og formidlingsverdiane på Hoem. Utdelinga skjer på garden Hoem, 4. september.

Hoem i 2018 sett frå vatnet
Foto: Bjørn Austigard

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL