Hopp til innhold

Branntilløp i Molde

Brannvesenet i Molde rykte seint i går kveld ut etter at ein brannvarslar hadde blitt løyst ut i Strandgata. Det viste seg at det hadde vore eit branntilløp på ein komfyr i samband med matlaging. I løpet av natt reiste også mannskap frå brannvesenet i Elnesvågen ut for å sjekke ei melding om flammar på Tornes. Det viste seg å vere eit stort pallebål og den ansvarlege blei bedd om å sløkke bålet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL