Hopp til innhold

Koronatilpassa fadderveke

Fleire høgskular og universitet har valt å korte ned faddertida til ei veke, mellom anna i Ålesund. Koronatiltak og restriksjonar vil prege oppstarten, men Laila Vevstad og Oskar Sunde, som er prosjektleiarar for fadderveka ved NTNU i Ålesund, meiner at opplegget blir like bra som før. Dei fortel at det blir ei tettpakka fadderveke, men at studentane blir samla i mindre grupper enn før og at ein blir gruppert saman med dei som går på same linje. Ved NTNU har dei også laga eit digitalt opplegg for dei som ikkje kan møte på campus, mellom anna personar som er i risikogruppa og internasjonale studentar. – Det er viktig at alle føler seg velkomen, inkludert og blir kjent, seier Sunde.

NTNU avd Ålesund
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL