Hopp til innhold

Har samla inn 500.000 i helga

Etter at Atlanterhavsparken gjekk ut i Sunnmørsposten om at akvariet stod i ei alvorleg økonomisk krise, har dei fått stor støtte. To spleis-aksjonar har samla inn 550.000 kroner, mens fôrleverandørar har sponsa dei med fleire tonn mat. – Det er heilt fantastisk. Det er utruleg kva som bur i folk, og vi er evig takksam for dei initiativa, seier Rune Veiseth, driftsdirektør i Atlanterhavsparken. Bakgrunnen for situasjonener at dei som stifting har hamna utanfor regjeringas krisepakker. Veiseth er no langt meir optimistisk til utsiktene etter at politikarar har tatt kontakt i helga. Veiseth fastslår at spleis-pengane blir øyremerkt dyra, som fôr eller innstallasjonar som gjer forholda betre.

Rune veiseth, driftsdirektør for Atlanterhavsparken
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL