Hopp til innhold

Billegare ferje

I den nye tiltakspakken er Stortinget samde om å kutte ferjetakstane med 20 prosent frå onsdag på riksvegane. Også fylket kjem til å sette ned prisane på sine samband. Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalet i fylket, seier at prisane skulle stige 1. juli på grunn av Autopass. Denne auken skjer truleg ikkje. Fylkestinget vedtok også å auke prisen med to takstsoner i fjor, men også det kan bli justert ned. Ho forstår at dei som reiser med ferje hadde ynskja større prisreduksjon, men at det er eit bra første steg.