Hopp til innhold

Ny tiltale mot tidlegare MFK-spelar

Det er tatt ut ein ny valdtektstiltale mot ein tidlegare Molde-spelar. Det melder Nettavisen. Saka skal ha skjedd då mannen framleis spelte for Molde FK. Frå før av er mannen tiltalt for ei sovevaldtekt mot ei anna kvinne. Han blei frikjent i denne saka i Romsdal tingrett hausten 2018, men blei dømt til å betale erstatning til kvinna. Påtalemakta anka dommen, men ankesaka har blitt utsett tre gonger fordi mannen ikkje har møtt i retten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL