Hopp til innhold

Regnbogemesse i Ørsta kyrkje

Ørsta kyrkje vil halde regnbogemesse under Bygdepride i mai. Ørsta sokneråd ønskjer å vise at gudstenestefellesskapet er for alle og håper regnbogemesse blir ein tradisjon. – Dette viser at kyrkja meiner noko med å vere for alle, seier ein glad Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i Bygdepride Ørsta/Volda. Det er sett ned ei programnemnd som skal gje rammene for messa. Den skal vere lik ei nær vanleg gudsteneste, men der liturgien legg vekt på inkludering. – Slik synleggjer vi at gudstenesta og kyrkjerommet er eit stort rom som kan romme breidda av menneskelege erfaringar, seier sokneprest Arne Moltubak.

Regnbuemesse i Ørsta kyrkje
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL