Hopp til innhold

Varetektsfengsla etter tjuveri

Ein mann og ei dame frå Balkan skal ha samarbeida om tjuveri på Amfi Moa i Ålesund førre veke, ifølgje ei fengslingsavgjerd som smp.no siterer. Dei blei arrestert på senteret med tjuvegods på seg den 17. januar, og blir varetektsfengsla i fire veker. Etter det avisa kjenner til, skal dei ha stole varer for over 100.000 kroner på Moa. Begge er sikta for grovt tjuveri og har erkjent straffskuld.