Vil ha nasjonalt jazzmuseum i Molde
Ordførar Torgeir Dahl i Molde vil ha eit eige jazzmuseum og eit nasjonalt senter for jazz i heimbyen. Det skriv Romsdals Budstikke (krev innlogging) Han vil ta opp ideen med statsminister Erna Solberg som kjem til Molde i morgon. Ideen blei først lansert i avisa tidlegare denne veka. Det blir vist til at Moldejazz er landets eldste, og har 60-års jubileum neste år. I tillegg har både pop og rock eigne museum i Oslo, Trondheim og Namsos.