Hopp til innhold

Fekk problem under dykking

Politiet opplyser at dykkaren som var involvert i ei dykkeulykke i Kristiansund kan ha fått problem under nedstigninga. Han skal ha vore i følgje med fleire andre då dette skjedde. Politiet opplyser vidare at mannen i 70-åra blir behandla ved sjukehuset i Kristiansund.