Dykkar er skriven ut av sjukehuset
Dykkaren i 70-åra som fekk problem under eit dykk tidlegare i dag er no skriven ut av sjukehuset. Det melder Tidens Krav. Mannen blei frakta til sjukehus etter at han fekk problem under nedstiginga.
Dykkaren i 70-åra som fekk problem under eit dykk tidlegare i dag er no skriven ut av sjukehuset. Det melder Tidens Krav. Mannen blei frakta til sjukehus etter at han fekk problem under nedstiginga.
Politiet opplyser at dykkaren som var involvert i ei dykkeulykke i Kristiansund kan ha fått problem under nedstigninga. Han skal ha vore i følgje med fleire andre då dette skjedde. Politiet opplyser vidare at mannen i 70-åra blir behandla ved sjukehuset i Kristiansund.
Politiet opplyser at mannen i 70-åra som var involvert i eit dykkeuhell i Kristiansund var bevisst då han blei frakta til sjukehus. – Han vil så bli frakta vidare til eit trykkammer, seier or André Gram Franck, operasjonsleiar i politiet. Dykkaren var i følge med andre då uhellet skjedde og saka blir undersøkt vidare.
Ein mann i 70-åra blir køyrd til sjukehus etter eit dykkeuhell ved Dunkarsundet i Kristiansund. Politiet vil avhøyre vitne på staden for å prøve å finne ut kva som har skjedd.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.