Hopp til innhold

Steg for steg

Samferdselspolitikarane i fylket ga kommunane på indre Sunnmøre eit klart signal under ei synfaring i dag. Fylkesvegen mellom Sjøholt og Viset, som også blir kalla Børdalslinja, må bli bygd trinn for trinn. Å gjennomføre Børdalslinja som eit samla prosjekt er urealistisk, seier leiar i utvalet Kristin Sørheim (Sp). Sørheim peikar på at prosjektet må vere sjølvfinansierande, og bompengebelastninga blir for stor dersom alt skal gjennomførast samla.

Politikere på befaring
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL