Hopp til innhold

Pågåande utbrot

Frå februar og til i dag har 16 pasientar blitt innlagt på sjukehusa i Molde og Ålesund med alvorleg lungebetennelse. Dei fleste av desse er utanlandske gjestearbeidarar ved Vard Langsten verft i Tomrefjord i Vestnes. I løpet av den siste veka har det blitt lagt inn sju pasientar i Ålesund og Molde, alle med påvist eller mistanke om alvorleg lungebetennelse forårsaka av pneumokokkar. – Dette styrkar mistanken om at dette er eit pågåande utbrot, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal.

Vard Langsten med bakterieutbrot
Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL