Stort pneumokokkutbrot på Vard Langsten i Tomrefjorden

Vard Langsten vil no sette i gang massevaksinasjon av sine tilsette, etter at det er oppdaga eit pågåande utbrot av bakterien pneumokokkar.

Vard Langstein

UTBROT: Stort pneumkokkutbrot ved verftet Vard Langsten i Tomrefjorden.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dei siste månadene har vi oppdaga at det har vore innlagt mange med alvorleg lungebetennelse, som vi etter kvart såg eit mønster i, seier smittevernlegen i Vestnes kommune, Jan Håkon Fjeldheim.

Det var VG som omtalte saka først.

– Svært mange blei lagt inn på sjukehus i Ålesund og Molde med lungebetennelse alt i februar. Nokre hadde fått bakteriane over i blodbanene. Etter kvart såg vi eit mønster og skjønte at smitten kom frå same arbeidsplass, seier Fjeldheim.

Det er snakk om 16 personar som skal ha vore innlagt med lungebetennelse og alle skal ha vore tilsett ved Vard Langsten.

– Potensielt kan dette vere farleg om det går for langt. Vi trur grunnen til smitta er at folk arbeidar tett opp på kvarandre og det skapar større smittefare, seier Fjeldheim.

Eit pågåande utbrot

– Berre den siste veka har det vore innlagt sju pasientar med alvorleg lungebetennelse forårsaka av pneumokokkar, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal.

Dette styrkar tanken om at det er eit pågåande utbrot. Og dei vil no saman med kommuneoverlegen i Vestnes og Folkehelseinstituttet diskutere tiltak.

Kommunikasjonsdirektør i Vard, Hege Akselvoll bekreftar at dei no skal starte med massevaksinering av alle dei tilsette.

– Vi bestiller vaksinar fortløpande. Heldigvis er dette ei vaksine det er enkelt og få tak i, så vi trur ikkje tilgang blir eit problem, seier ho.

Pneumokokkar skal ifølgje folkehelseinstituttet vere ei gruppe bakteriar som kan forårsaka alvorlege sjukdommar som lungebetennelse, blodforgifting og hjernehinnebetennelse.

Stort, aktivt verft

Hege Akselvoll Komunikasjonsdirektør Vard

Hege Akselvoll er kommunikasjonsdirektør ved Vard Langsten.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vard Langsten er eitt av dei store skipsverfta på Mørekysten. Verftet har om lag 250 tilsette. Dei siste månadene har det vore langt fleire inne på området, seier kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll.

– Det har vore frå 1300 til 1800 arbeidarar innom dei siste månadane, og no arbeidar vi med å kartlegge situasjonen vidare, seier ho til NRK.

Akselvoll seier dette ikkje vil påverke drifta på Vard Langsten i første omgang, og dei vil samarbeide vidare med folkehelseinstituttet og kommunelegen for å få oversikt over kva som har skjedd.