Hopp til innhold

– Må søke etter jobb andre stadar

Dei over 100 personane på Søre Sunnmøre om er råka av konkursen i K.A. Aurstad i Ørsta kan ha gode sjansar til å få seg nye jobba dersom dei er villig til å sjå utover kommune- og fylkesgrensene. Det meiner Eli Grøtta, leiar i Nav Ørsta/Volda. Entreprenørselskapet gjekk konkurs i starten av desember og i overkant av 200 tilsette mista jobben. – Dette er ein arbeidsstokk som har vore vande til å jobbe over heile landet og bu vekke. Det er ei styrke. Det er ein tøff og dramatisk situasjon, men vi håper og trur at dei fleste av dei skal kome seg brukbart gjennom dette, seier Grøtta. Nav har følgt konkursen tett og hatt fellesmøte og individuell oppfølging av dei tilsette. Konkursen er ein av dei største som kontoret har jobba med, og det blei kalla inn beredskapsgrupper på tvers av Søre Sunnmøre for å jobbe med saka. – Det er ein konkurs som rammar veldig mange og får fleire konsekvensar. I tillegg til å miste jobben er det også det kollegiale og rutinane. Men mange ser allereie ut til å kunne orientere seg mot nye arbeidsgivarar, noko som er positivt, seier Grøtta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL