Hopp til innhold

Miljøprisen til Sødahlhuset

Fylkeskommunen vart i dag einige om at miljøprisen i år skal gå til Sødahlhuset AS. Sødahlhuset er ein kafé i sentrum av Åndalsnes med kortreist og berekraftig mat på menyen. Sødahlhuset opna i 2012. Kafeen organiserer og inviterer folk frå lokalmiljøet til ulike kurs innan kortreist mat eller gjenbruk, eller arrangerer aktivitetar som klesbyttedag. I 2017 vart verksemda sertifisert Miljøfyrtårn, skriv fylkeskommunen i si grunngjeving.

Sissel Vollan, Mari Melbø Rødstøl og Rannveig Nyheim.
Foto: Ragnhild Bakke/Sødahlhuset AS