Hopp til innhold

Steinskred i Norddal

Like ved Fjørå i Norddal gjekk det eit steinskred over vegen mellom Valldal og Tafjord like før klokka 10.00 laurdag formiddag. Skredet dekte heile vegbreidda. Ein traktor frå Almstad maskin kom raskt til staden og fekk fjerna steinmassane. Vegen er no open, men det er ei lita innsnevring på staden.

Steinras Fjørå
Foto: Robert Wollmann