Hopp til innhold

Nye omstillingstiltak

– Helse Møre og Romsdal kjem til å gå nærare inn på behovet for omstilling, og skissere nye tiltak for å snu den negative økonomiske utviklinga. Dette skal skje i samband med styremøtet i Helse Møre og Romsdal i juni. Det seier administrerande direktør, Espen Remme, i ein e-post til NRK. Det skal, ifølgje Remme, innførast både kortsiktige og langsiktige tiltak. På juni-møtet skal det også opp ei eiga sak om korleis helseføretaket kan redusere sjukefråveret. Helseføretaket presenterte i dag eit underskot i høve budsjett på 9,8 millionar kroner i april.

Espen Remme
Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL