Hopp til innhold

Tussa tente 131,6 millionar

Tussa hadde samla driftsinntekter på 811,7 millionar og eit driftsresultat på 131,6 millionar i 2017. Resultat før skatt vart 103,5 millionar og etter skatt vart resultatet 56,8 millionar.

Driftsresultatet for konsernet er lågare i 2017 enn i 2016. Hovudårsaka til det er ei stor eingongsinntekt i 2016 innanfor forretningsområdet kraftnett. Finansresultatet i 2017 er vesentleg betre enn i 2016. Hovudårsaka til det er fisjonen av entreprenørverksemda i Mørenett til BKK Enotek. Styret har vedteke å avsetje 33,4 mill. kr til utbyte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL